Beaivvas Teater "Johan Turi",

Alta

09.10.2017 - 09.10.2017



Alta Kultursal 09. oktober 19:00

 

Johan Turi har ein draum om å gi ut ei bok som forklarte samanes liv. På byrjinga av førre århundre blei samane sett på som eit samfunnsproblem, og han ønskte å gi myndigheitene kunnskap om deira levesett, og på den måten påverke styresmaktene til å endre sitt syn på samanes livsførsel.

På ei togreise gjennom Skandinavia møter han konsernsjef Hjalmar Lundbohm frå Kiruna. På den same reisa dukker den danske kunstnaren og antropologen Emilie Demant opp. Kan Lundbohm og Demant hjelpe Turi med å oppfylle sin draum?

Johan Turi er ei framsyning om korleis ei bok blei til, om draumar, freistingar, tvil, forføring og anger.

Johan Turi (1854-1936) var ein reindriftssame frå Kautokeino, og blir rekna som den første samiske forfattaren. Han valde å flytte til Kiruna-traktene i Sverige med reinflokken og familien sin i 1870-åra. Her blei han også kjend som ein dyktig ulvejegar. I 1910 gav han ut den første boka skrive på samisk; Muitalus sámiid birra – En bog om lappernes liv. Gjennom tekst og illustrasjonar skildrar boka reindriftsamanes liv og tradisjonar på byrjinga av 1900-talet.

Boka blei sidan omsett til svensk, engelsk, tysk, ungarsk, japansk, italiensk og finsk.

 

Omarbeiding: Frank Jørstad og Kristian Lykkeslet Strømskag

Regissør: Frank Jørstad

Komponist: Johan Ericsson

Scenografi og kostymedesignar: Even Børsum

Lysdesignar: Øystein Heitmann

Skodespelarar: Iŋgor Ántte Áilu Gaup, Egil Keskitalo, Inga Marja Sarre

 

Scenespråk: Nordsamisk. Framsyninga blir teksta til norsk



Kjøp billetter her